Allmøte for studentar ved fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk

 

Studentrådet IE inviterer med dette til allmøte for alle studentar ved IE-fakultetet. Allmøtet vert på rom EL 3 torsdag 26. april 2018 klokka 16:15, og vil vare til seinast klokka 18:00. Førebels saksliste ser slik ut:

 

  • Val av nye institutt- og fakultetstillitsvalde
    • Presentasjon av valet
    • Forslag om å godkjenne at nokre ITV’ar vert sitjande eit halvt år lenger
    • Presentasjon av kandidatar til dei ledige verva
  • Kva har skjedd sidan sist?
    • Status for samlokalisering
    • Saka om læringsassistentar
    • Anna som skjer på IE og NTNU
  • Orientering om utdeling av velferdsmiddel
  • Vedtektsendringar

 

I samsvar med vedtektene for Studentrådet IE skal saker som skal tas opp vere innsend til FTV’ane på ftv@sr-ie.no innan tysdag 17. April 2018. FTV er då plikta til å ta opp desse sakene. Dette gjeld òg for endringsforslag til vedtektene.

 

Vedtektene slik dei er i dag finn du her.

Innkome endringsforslag finn du her.

 

Endeleg saksliste vert offentleg seinast fredag 20. April 2018.

 

Det vert pizza til alle som møter. Meld difor gjerne frå på ftv@sr-ie.no på førehand dersom du har allergiar eller andre matomsyn.

 

Mvh.

Studentrådet IE

v/Fakultetstillitsvalde ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk