oktober 30, 2021

Odd Arne Fosse

Studie: Elektroingeniør, 3. Klasse

Stiller til: FTV Trondheim (bachelor)

Eg ønskjer gjerne å stille til gjenvalg som FTV. Til nå har eg sitte i rolla i to år og opplever at eg har gjort ein god jobb for å sikre studentanes velferd. I mi rolle har eg og kjem eg til å jobbe for at studentanes areal vert ivaretatt, båe i forhald til lesesalplasser og idendidtetsareal. Spesielt interessert er eg i dialogen mellom studenten og forelesarar, der miljøarbeid innad i studentrådet og opp mot leiinga på fakultetet har hjulpe til. Pedagogisk kompetanse er noko som manglar hjå enkelte forelesarar så eg jobber stadig vekk i ansettelsesprosesser dirkete og ved å endre på prioriteringslister. Studentane i dag slit i forferdeleg stor grad med psykiske problem, 40% med alvorlege problem, og i samarbeid med fakultetet får me prøvd å forebygd denne tragedien ved å auke fagleg sosial arrangement og å dele ut i lag med dei andre FTVane ein velferdspot på 300 000 kr. Eg har hatt gleda av å representere dykk og opplever det som veldig givande og håpar dykk derfor vil gje meg tilliten ein periode til.