
Studie: Kybernetikk og robotikk, 3. år
Stiller til: ITV ITK
Kandidattekst: Yo yo! Eg heiter Thale og går i 3. klasse på 5-årig Kybernetikk og Robotikk! Det siste året har eg vore ITV på ITK. Etter ei trist melding om at eg ikkje får dra på utveksling til hausten (rip), så ønskjer eg no å sitje eit år til! Då eg blei valt førre gong hadde eg to kampsaker; Å flytte Dragvoll til Ålesund, og å plassere handkrem ved alle antibac-stasjonane for å førebygge tørre hender. Eg fekk ikkje til noko av dette. Det eg har jobba med og ønskjer å jobbe meir med, derimot, er dette; Få i gang temakvelder der hovudprofiler på studiet blir presentert slik at yngre studentar får meir informasjon om ulike fagval. Få betre klassemiljø i klassane. Ha gode områder å jobbe med skule på og at dei fellesområda vi har ikkje blir booka til andre ting. Ha arrangement og tiltak for dei studentane som føler dei har falt utanfor det sosiale i klassen sin. Håper du sender ei stemme min veg!