
Studie: Kybernetikk og robotikk, 2. år
Stiller til: ITV ITK
Hellu til deg! No lurar du kanskje på kva du skal gjere, kven du skal stemme på. La med gjere valet lettare ved å lese denne teksten, anten du blir overbevist om å stemme på meg eller å halde deg så langt unna meg som mogleg.
Eg bryr meg om mykje. I det siste har det gått mykje i problema rundt The Rona. Og då snakkar eg ikkje berre om at prosentdelen av studentar med tørre hender har auka sidan mars (sjølv om dette problemet lett kan løysast med eit påbod om både antibac og handkrem ved alle dører)
Det er kanskje eit større problem at fleire forelesarar framleis nektar å ta opp forelesningane sine, og at dei som seier ja til å gjere det ikkje får det til halvparten av tida. Det er også overraskande få fag som har følgt NTNU sine råd om å finne alternative eksamensformer.
Så då veit du litt om kva saker eg bryr meg om. Men eg bryr meg sjølvsagt ikkje berre om Korona-problem heller! Eg er også svært lidenskapeleg rundt problemet med at Dragvoll ligg for nærme Gløshaugen og vil jobbe hardt med å få flytta dei til Ålesund.